top of page
Banner_siste_3.png

Skiturlaget Ullsheim-Stryn (SUS)

SUS

Skiturlaget Ullsheim-Stryn (SUS) er oppretta for å kunne bidra til drifta av Turløyper Stryn AS. Markane Idrettslag (MIL) har alle rettar til SUS, men drifta av SUS er overlatt til Turløyper Stryn AS (TS) så lenge ein har avtale om dette.

Alle medlemmer, fakturering, m.v. er administrert via StyreWeb. og medlemmer kan nytte Gnist-appen.

Medlemmar i SUS kan parkere gratis på Ullsheim.

Medlemmane i SUS kan fritt bruke dei løypene til MIL som til ei kvar tid er preparerte. Dette inkluderer også skileikanlegget. Unnateke er sjølve skiskyttaranlegget. Medlemmane kan også nytte toalett og smørjerom.

Turløyper Stryn AS kan ikkje, i motsetning til kommersielle aktørar, ta brukerbetaling for bruk av preparerte løyper. All støtte frå brukarane er difor basert på omfattande frivilligheit. For å sikre dette populære fellesgodet som løypene representerer, er Turløyper Stryn AS finansiert ved eit unikt spleiselag beståande av Stryn kommune (driftsavtalen samt tilleggsstøtte som det søkast om årlig), næringslivet, Skiturlaget Ullsheim-Stryn (SUS), Markane Idrettslag, VA fond, fylket, dugnadselementer frå eigar og inntekter frå utføring av fakturerbare tenester (løypepreparering ved større arrangement, m.v.).

Finansieringa dekker kostnader til drift av vinter- og sommerløyper, vedlikehold av løyper, utbetring av løypenettet, vedlikehold av maskinpark og finansiering av maskinpark.

Pr. 22. januar 2026 har SUS 544 registrerte hovedmedlemmer.

Bli støttemedlem du også!

Du kan melde deg på her!

  • Facebook
  • Twitter
  • LinkedIn
  • Instagram

Eventyret venter!

Turløyper Stryn AS tilbyr spennende løyper for både turgåere og konkurranseutøvere - perfekt for å nytes både vinter og sommer!

  • Instagram
  • Facebook

Adresse

Nord-Markane 288 6783   Stryn

Epost

Telefon

906 37 160

(c) Copyright Turløyper Stryn AS. Powered and secured by Wix

bottom of page